Eitrefjell Telemarkklubb held til på Vendehjulet ved Ørsta Skisenter. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane og er heimkommunen til Ivar Aasen.
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."

mandag 27. februar 2012

Eitrefjell til topps @Alperittet!

2 førsteplasser, 3 andreplasser, en 5 og en 6 plass blei det på årets Alperitt.
 I tillegg fekk vi tildelt Ærespris for sterk felles innsats og deltakelse på Alperittet opp gjennom åra.

Resultatliste Alperittet 2012

1 kommentar:

  1. Gratulerer med kjempeinnsats. Eg klarer likevel ikkje å la vere å så litt malurt i begeret. På biletet ser det ut som at ETK er i ferd med å oppnå ein god del pensjonspoeng. Når Per Endre deltek i klasse 50-59, så skjønar eg at tida vår er i ferd med å renne ut.
    Så til poenget:
    Rekrutteringa til ETK er for dårleg. Når eg ser på aktivitetskalenderen til venstre, så er årsaken nokså klar. For den som ikkje reiser på renn andre stadar, har klubben nesten ingen ting å tilby. Telenorkarusell og løypetrening er ikkje-eksisterande, og miljøet dreier seg kun om dei gamle etablerte. Dei einaste ungane som for tida jamnleg renn telemark, er mine to. Dei vert nokså einsame når ingen andre gjer noko organisert på fredagane, som liksom skal vere treningsdagen til ETK. Konsekvensane av å aldri trene i løype, er at dei heller ikkje gidd å vere med i verken påskerenn eller andre renn. Eg skjønar sjølvsagt at eg ikkje kan forvente personlege trenarar og løypestikkarar til mine to barn, men det hadde vore kjekt om det vart gjenoppretta litt fellesaktivitetar på fredagane igjen. Realiteten er at Volda har eit mykje meir attraktivt telemarkmiljø for barn. Berre synd at dei held til på Reset.
    Mvh Odd

    SvarSlett