Eitrefjell Telemarkklubb held til på Vendehjulet ved Ørsta Skisenter. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane og er heimkommunen til Ivar Aasen.
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."

lørdag 17. september 2016

Innkalling til Årsmøte 2016 laurdag 22.okt.Standalshytta


Det er haust og det er snart tid for Årsmøte på Standalshytta.
Tid er laurdag 22.okt med overnatting til søndag.


Siste påmeldingsfrist er fredag 21.okt kl.08.00!

Kostnad (ta med cash):
Overnatting: kr. 100,-
Middag: kr. 100,-

Einaste kravet til deltakelse er betalt årsavgift for 2016.



Tidskjema :

Kl. 11.00 - Tur til Fingeren :
Kristian leder tur til Fingeren for dei som vil strekke på beina før Årsmøtet.
Avgang frå hytta kl.11.00.

Kl. 12.00 - Aktivitetar for dei minste :
Hytta står åpen og Frank vil ordne forskjellige aktiviteter for dei aller minste, så berre å ta med borna fram på dagtid. Grilling blir det også.

Kl. 18.00 - Årsmøtet startar :
Om du har saker som bør bli tatt opp, send ei melding til Rune thepudderdude@yahoo.no slik at det blir ført opp på saklista.

Ca. kl.20.00 - Middag :
Vi har heva lista et par hakk og er så heldige at Jan Harald lagar maten til oss. Han serverer biff med ovnsbakte amadinepoteter, heimelaga bearnaise og grønsaker. Pannacotta til dessert. Grunn nok til å melde deg på!

Ta med sengtøy eller sovepose. Innesko eller tøfler er også kjekt å ha.

Følg med her framover for oppdatert info.



Sakliste for Årsmøtet 2016



  1. Valg av møteleder og referent
  2. Valg av representanter til å undertegne protokollen
  3. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  4. Gjennomgang av Årsmelding 2016
  5. Gjennomgang av Årsregnskap 2016 og valg av representanter til å undertegne regnskapet
  6. Godkjenning av Budsjett 2016
  7. Valg av styremedlemmer og andre tillitsverv.
  • Styret 2015-16 har vore
  • Leiar : Rune Lied (2014-2016)
  • Nestleiar : Tov Lerheim (2015-2017)
  • Styremedlem : Trond Barstad (2014-2016)
  • Styremedlem : Caroline Løvold Moe (2015-2017)
  • Styremedlem : Kristian Ose Silseth (2014-2016)
  • Styremedlem : Nina Håskjold Fremmerlid (2015-2017)
  • Valgnemnd 2016 : Sjur Bjørdal, Karl Birger Vaage
  • Husnemd Vendehjulet 2016 : Eli Schjølberg, Karl Birger Vaage


  • På valg i år for 2 år (2017-2018)
  • Leiar : Rune Lied (2014-2016)
  • Styremedlem : Kristian Ose Silseth (2014-2016)
  • Styremedlem : Trond Barstad (2014-2016)
  • Valnemd : Sjur Bjørdal, Karl Birger Vaage (2014-2016)
  • Husnemd : Eli Schjølberg, Karl Birger Vaage (2014-2016)


8.  Innkomne forslag
     

     9. Diverse

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar