I en ellers snøfattig vinter så har det dei siste par dagane komt litt snø i Nottane. Trakkemaskina har i dag komt seg opp på Eitrefjell og fåttt trakka spor rundt vatnet.
Driftsleiar har vore bortreist siste veka, men skal fram onsdag og vil då få oversikt på snøforholda og muligheitene for drift av T-trekket i Nottane. Vi vil då også få svar på om det går å halde telemarkrenn.
Uansett kva som skjer så blir det sosial samling på Vendehjulet. Det er meldt fint vær så det vil bli grilling og musikk utover ettermiddagen. Stolheisa vil gå og Vidsyn kafe vil vere open.
Følg med her dei neste dagane for oppdatert info om det blir telemarkrenn og kva som skjer på Vendehjulet Langfredag!
Vendehjulet vil så klart vere ope heile påska for den som vil stikke innom.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar